Bekymringsmelding frå privatpersonar

Er du uroa for eit barn eller ein ungdom? Slik kan du som privatperson ta kontakt med eller sende ei bekymringsmelding til barnevernet.

Når bør du melde?

Meld ifrå til barnevernet om du er bekymra for om eit barn får god nok omsorg, eller er bekymra for måten ein ungdom oppfører seg på. Meldinga di kan vere viktig for barnet eller ungdommen det gjeld.

Du treng ikkje vere heilt sikker på om noko er gale før du melder. Det er vår oppgåve i barnevernet å vurdere korleis vi skal følgje opp meldinga di.

Du kan ringe barnevernet anonymt om du vil drøfte saka før du melder.

Kan du vere anonym?

Du kan velje om du vil vere anonym eller ikkje.
Du kan vere anonym for både barnevernstenesta og familien det gjeld, eller du kan seie namnet til barnevernet, men be om at namnet ikkje vert gjort kjent for foreldra. Fordelen med den siste varianten er at barnevernet kan kontakte deg om vi har spørsmål eller treng meir informasjon.

Korleis melder du?

Du bør sende meldinga skriftleg. Då er det lettare å unngå misforståingar.

Meldinga bør innehalde:

  • kven meldinga gjeld og kva som gjer at du er bekymra, gjerne med døme
  • informasjon om meldinga byggjer på noko du observerte ein gong eller over lengre tid
  • om det er andre som kan ha opplysningar til saka
  • kontaktinformasjon til deg dersom du ikkje vel å vere anonym

Dersom du vil melde munnleg kan du ta kontakt med oss på telefon, så ordnar vi ein avtale. Då skriv vi ned meldinga ilag med deg i møtet.

Bekymringsmelding til barnevernet (ks.no)

Melding sendast digitalt. Dersom du vil melde munnleg kan du kontakte oss på telefon så ordnar vi ein avtale. Vi vil då skrive ned meldinga ilag med deg i møtet.

Ønskjer du å sende melding i post kan du nytte dette skjema

skjema-privatperson.docx (live.com)

Oppfølging av meldinga

Dersom du sender oss ei melding med namn og adresse skal du ha ei stadfesting på at meldinga er mottatt.

Dersom du har sendt ei melding, men framleis er bekymra etter ei stund, er det viktig at du tar kontakt med barnevernet på nytt.

Kontaktinformasjon

Sørfjorden Barnevern 

Telefon: 945 08 710    (mellom klokka 09:00-14:30)


Besøksadresse:
Familie- og omsorgssenteret
Fotlandsvegen 27
5282 Lonevåg

 

Postadresse:
Osterøy kommune
Postboks 1
5293 Lonevåg

Org.nr: 984 109 296


Barnevernleiar: Jannicke Sandvik
E-post: jannicke.sandvik@osteroy.kommune.no

Barnevernvakt

Barnevernvakta er ein del av den kommunale barneverntenesta i Osterøy kommune, og barnevernet sin akuttberedskap på kveldstid og i helger. Hovudoppgåva er å bistå barn og familiar med akutt hjelpebehov når kommunen si barnevernteneste er stengt.

Tlf.: 55 36 11 80

Ope alle dagar utenom ordinær arbeidstid:

  • 08.00 - 16.00 kvardagar
  • Heile døgnet i helg og ved høgtider.

Vis i kart