Tilgjengelegheitserklæring
Kva gjeld denne erklæringa for?
- Denne tilgjengelegheitserklæringa gjeld for heimesida til Modalen kommune inkludert "Min side".
- Erklæringa gjeld ikkje andre subdomene under modalen.kommune.no, til dømes kommunen si innsynsløysing og skjemaløysing.
Kven er ansvarleg for nettstaden
Kundetorget har systemansvar for modalen.kommune.no og skal i tillegg til halde nettstaden oppdatert. Vi skal:
- sikre riktig og relevant innhald saman med fagområda
- sikre klart språk
- sikre god universell utforming
Vi følgjer standarden "Retningslinjer for universell utforming av nettinnhald (WCAG) 2.1."
Trykk her for å sjå meir om WCAG 2.1-standarden på digitaliseringsdirektoratet sine nettsider
Kvalitetsarbeidet og utviklingsarbeidet går føre seg i samarbeid med vår tekniske leverandør Sem & Stenersen Prokom.
Trykk her for meir informasjon om vår tekniske leverandør på prokom.no
Slik jobbar me med heimesida
Universell utforming, klarspråk og tilgjengelegheit er sentralt i arbeidet med vår heimeside.
Alle som skriv innhald har tilgang til malar for klart og tydeleg språk, medan web-ansvarlege kvalitetssikrar og sikrar at krav til universell utforming er stetta.
For å kvalitetssikre vår heimeside bruker vi analyseverktøyet Monsido.
Vi vil jobbe vidare med innhaldet på modalen.kommune.no med mål om at alt innhald skal vere best mogleg universelt utforma.
Vi skal mellom anna:
- oppretthalde og videreutvikle universelt utforma heimeside
- bruke klart og tydelig språk
- tilpasse innhald og funksjonalitet slik at det oppfyller nye krav i WCAG 2.1
- sikre universell utforming ved valg av tredjepartssystem og utvikling av eksisterande system.
- rydde opp i PDF-filer og erstatte filer som ikkje oppfyller dagens krav.
Status for samsvar med krav
Modalen.kommune.no er delvis i samsvar med WCAG 2.1 nivå AA.
Å vere delvis i samsvar, betyr at det er brot på 7 av 47 krav i regelverket. Vi jobber no med å utbetre desse med mål om å vere heilt i samsvar med regelverket.
- Trykk her for å sjå tilgjengelegheitserklæring for modalen.kommune.no
- Chatvinduet Kommune-Kari er testa mot punkta i tilgjengeleghetserklæringa og tilfredsstiller alle relevante krav.
- Trykk her for å sjå den komplette gjennomgangen av krava i UU-sjekken til Boost.ai
Er det noko som ikkje fungerer som det skal, eller går du glipp av innhald fordi nettsidene ikke er godt nok universelt utforma?
Send ein e-post til postmottak@modalen.kommune.no, eller kontakt kundetorget.