Biblioteksjef
Modalen folkebibliotek
Om sjølvbetjening på biblioteket
På dagar/tider med sjølvbetjent utlån ynskjer me at flest mogleg nyttar PC-en på bordet ved sida av skranken til å registrera låna sine.
Du treng bibliotekkortet eller lånarnummeret ditt.
Det vil ligge ei enkel «oppskrift» på korleis ein går fram ved sida av utlånsmaskina (i ein overgangsfase vil det fortsatt vere mogleg å skrive ned på ein lapp kva ein har lånt).
Bibliotekaren vil sjølvsagt hjelpe til for å få dette til å fungere. Mange har nok ikkje sett det fysiske lånekortet sitt på månge år, men dette vil gå seg til. Dei som ynskjer nye kort vil få det, andre vil vere nøgd med å lagre lånarnummer og pin-kode på mobilen (eller eit anna, egna sted).
Når det gjeld innlevering av bøker ynskjer me at dei blir lagt i innleveringsboksen på utsida av biblioteket.
Velkommen på biblioteket!
Tid |
|
Mandag | 09.00 - 14.00 (ubemanna, sjølvbetjening) |
Tirsdag | 09.00 - 14.00 (ubemanna, sjølvbetjening) |
Onsdag | 09.30 - 15.00 |
Torsdag | 09.30 - 16.00 |
Fredag |
09.00 - 14.00 |