HjemAktueltBetalingsintervall for kommunale avgifter

Betalingsintervall for kommunale avgifter

Modalen kommune sender ut faktura for kommunale eigedomsavgifter. Dette gjeld årleg vassavgift, avlaupsavgift, slamavgift (septiktømming) samt feie- og tilsynsgebyr.

I dag vert dei kommunale eigedomsavgiftene fakturert 2 gonger i året. Om du ikkje gjer noko, vil dette halde fram som i dag.

 

Med verknad frå og med 1. juli kan du velje mellom 4 alternativ:

  • 1 årleg betalingstermin (Denne vil gjelde frå tidlegast 2025. Årleg fakturering i april)
  • 2 årlege betalingsterminar (Slik som i dag. Treng altså ikkje melde frå om denne)
  • 4 årlege betalingsterminar (Fakturering februar, mai, august og november)
  • 12 årlege betalingsterminar (Fakturering kvar månad)

Om du ynskjer å endre talet på betalingsterminar, send ein epost til: magne.verpelstad@modalen.kommune.no. Du kan òg sende som vanleg brev til Modalen kommune, Postboks 44, 5732 Modalen. Skriv kva val av dei ovenståande alternativa du ynskjer. Det er ikkje mogleg med andre alternativ enn dei som er lista opp. Hugs å skrive adresse og gards- og bruksnummer for den aktuelle eigedomen.

 

Me oppfordrar alle som ikkje har efaktura eller avtalegiro om å opprette dette. Dette gjer du sjølv i nettbanken eller ved å ta kontakt med banken din.

 

Renovasjonsgebyret kjem frå NGIR

Kommunane i regionen samarbeider om renovasjonsordninga gjennom det interkommunale selskapet NGIR. Det er NGIR som sender ut faktura for renovasjonsordninga til hus- og hytteeigarar. Dei fakturerer kvartalsvis, altså 4 gonger i året. Sjå www.ngir.no.


Sist oppdatert: 03.05.2024
Publisert: 03.05.2024