HeimAktueltFerie for alle - gratis vinter- og påskeferie for låginntektsfamiliar

Ferie for alle - gratis vinter- og påskeferie for låginntektsfamiliar

Deltakarar som ikkje har delteke på Ferie for alle tidlegare vert prioritert.

Transport, overnatting, aktivitetar og mat vert dekka av Raude kors for heile familien.

Familien bør vere glade i å vere utandørs og vere aktive då det vert lagt opp til mykje uteaktivitetar. Det vert lagt opp til aktivitetar for heile familien, med hovudfokus på born i alderen 6-13 år.

Kven kan vere med på ferie for alle?

Familiar som:

  • har hatt økonomiske utfordringar i tre år eller meir
  • har minst eitt barn i barneskulealder (6-13 år)
  • ikkje har tilsvarande ferietilbod
  • klarer seg sjølv utan behov for tett oppfølging frå våre frivillege
  • fungerer i gruppe saman med andre på leir

Klikk her for meir informasjon

Korleis søkje om plass for familiar?

Søknadsskjema med meir informasjon finn du på Raude kors si nettside.

Klikk her for å gå til søknadsskjema

Du får kvittering etter innsendt søknad med informasjon om vegen vidare.


Sist oppdatert: 10.01.2024
Publisert: 10.01.2024