HjemAktueltModalen kommune takkar det flotte og engasjerte ungdomsrådet vårt!

Modalen kommune takkar det flotte og engasjerte ungdomsrådet vårt!

Modalen kommune vil takke det flotte og engasjerte ungdomsrådet vårt, som no er ferdig etter to års flittig arbeid. Dei har fått gjennomført mykje, mellom anna eit opent lokale for ungdom som er i dagleg bruk. Dei har engasjert seg i saker dei er opptatt av innad i kommunen, samt vendt blikket utover og delteke i arrangement i fylket og på landsbasis. No skal det snart veljast eit nytt ungdomsråd og då håpar me sjølvsagt at nokon av dykk ønsker å vere med vidare. I tillegg håpar me at andre ungdommar, både frå ungdomsskulen og vidaregåande skule skal ha lyst til å engasjere seg og bidra. Meir informasjon om valget kjem neste veke.

Ungdomsrådet i denne perioden har bestått av Oliver Trohaug Våge, Pernille Trohaug Våge, Agnes Midtun, Magnus Hrafn Jakobsen, Olai Nygard Nese, Ingeborg Helene Romarheim og varamedlemmer Joakim Brügger Brekkhus og Jakob Selmer Langedal.

Takk for den gode jobben de har gjort, og lykke til vidare!

Sist oppdatert: 18.10.2024
Publisert: 18.10.2024