HeimLandbruk og næringNæringNæring, sals, skjenke og serveringsløyve

Næring, sals, skjenke og serveringsløyve

Kontaktinformasjon:

Ove Sæbø

Tlf. 56 59 90 04 / 922 25 562

E-post ove.sebo@modalen.kommune.no

 

Rusmiddelplan

Søknadsskjema for salsløyve for alkohol

Søknadsskjema for skjenkeløyve - einskildløyve / ambulerande

Søknadsskjema serveringsløyve

Søknadsskjema for Serverings- og/eller skjenkebevilling

 

Butikkar som skal selje alkohol, må søke om salsløyve.

Salsløyve gjeld for drikke med inntil 4,7 volumprosent alkohol. Løyvet gjeld for maksimum fire år om gongen.

Bensinstasjonar, storkioskar og kioskar kan ikkje få salsløyve.

Før du søkjer

Gjer klar følgjande vedlegg:

  • Planteikningar som visar arealet og funksjonane i lokalet.
  • Stadfesta dokumentasjon på at styrar og avløysar for styrar har bestått kunnskapsprøven.
  • Firmaattest frå Brønnøysundregisteret. Gjeld for deg som søkjer løyvet. Attesten må ikkje vere eldre enn 2 månader.
  • Skatteattest. Gjeld for deg som søkjer løyvet.
  • Dokumentasjon på at styrar og avløysar for styrar er tilsett ved skjenke- eller salsstaden.
  • Bruksløyve frå bygningsmyndigheitene.
  • Utskrift av aksjeeigarbok med alle involverte aksjonærar. Eigarforholda må vere stadfesta av revisor.
Når får du svar på søknaden?

Vi behandlar søknaden din innan fire månader frå du har sendt alle nødvendige opplysningar og dokument.

Alle søknadar om salsløyve skal først til behandling i kontrollutvalet for alkohol, deretter tar formannskapet ei endeleg avgjerd. Det er møtekalenderen til formannskapet som avgjer kor raskt vi klarar å svare på søknaden din.

 

Krav til deg

Vi gir bevillinga til personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet.

  • I søknaden må du gi opplysningar om staden, eigarforhold og kven som skal vere styrar og avløysar.
  • Vi må ha dokumentasjon frå brannvesenet på kor mange personar du maksimalt har lov til å ha i lokalet ditt.
  • Styrar og avløysar for styrar må vere over 20 år.
  • Søknaden må innehalde opplysningar om at verksemda vil bli registrert i manntalet for meirverdiavgift så snart du får registreringsplikt.
  • Du må dokumentere at alle tilsette er registrert i arbeidstakarregisteret og at dei har lovlege arbeidskontraktar og i enkelte kommuner også at det er teikna yrkesskadeforsikring* for alle tilsette (*dokumentasjon yrkesskadeforsikring gjeld ikkje Fedje).
  • Eigenerklæring der det går fram at du som søkjer har tilgang til lokala der du skal drive (leigeavtale).
  • Dokumentasjon på at kravet om internkontroll er oppfylt.
  • Dokumentasjon på at du før oppstart har fått alle nødvendige løyver frå Mattilsynet.

 

Kva seier lova?

 

Slik klagar du

Er du ikkje nøgd med vedtaket, kan du klage innan tre veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vi bør endre vedtaket. Har du behov for rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Dersom vi i kommunen står ved avgjerda vår, sender vi saka vidare til Fylkesmannen som tar ei endeleg avgjerd.

Fylkesmannen behandlar saka di så raskt som mogleg. Dersom det tar meir enn ein månad før du kan få svar, tar dei kontakt med deg. Dei tar også kontakt dersom dei manglar informasjon i klagen din.

 

 

 

Skal du starte ein serveringsstad og ønsker å skjenke alkohol, må du søke om både serveringsløyve og skjenkeløyve.

Før du søkjer

Gjer klar følgjande vedlegg:

  • Planteikningar som viser arealet og funksjonane i lokalet.
  • Stadfesta dokumentasjon på at styrar og avløysar for styrar har bestått kunnskapsprøven.
  • Firmaattest frå Brønnøysundregisteret. Gjeld for deg som søkjer løyvet. Attesten må ikkje vere eldre enn 2 månader.
  • Skatteattest. Gjeld for deg som søkjer løyvet.
  • Dokumentasjon på at styrar og avløysar for styrar er tilsett ved skjenke- eller salsstaden.
  • Bruksløyve frå bygningsmyndigheitene.
  • Eigenerklæring der det går fram at du som søkjer har tilgang til lokala der du skal drive (leigeavtale).
  • Dokumentasjon på serveringsløyve, dersom du ikkje søkjer om dette også.
  • Dokumentasjon på at kravet om internkontroll er oppfylt.
  • Dokumentasjon på at du før oppstart har fått alle nødvendige løyver frå Mattilsynet.
  • Utskrift av aksjeeigarbok med alle involverte aksjonærar. Eigarforholda må vere stadfesta av revisor.
Krav til søkjar
  • Styrar og avløysar for styrar må ha bestått kunnskapsprøven for å kunne søke om skjenkeløyve.
  • Du må ha plettfri vandel.
  • Styrar og avløysar for styrar må vere tilsett eller ha ein eigarstilling på staden.
  • Styrar og avløysar for styrar må vere over 20 år.
  • Du må skildre av opplegget for drifta, som hindrar at lyd frå skjenkestaden blir til vesentleg sjenanse eller ulempe for dei som bur i området. Det same gjeld orden på området kring inngangspartiet.
  • Vi må ha dokumentasjon frå brannvesenet på kor mange personar du maksimalt har lov til å ha i lokalet ditt.
  • Søknaden må innehalde opplysningar om at verksemda vil bli registrert i manntalet for meirverdiavgift så snart du får registreringsplikt.
  • Du må dokumentere at alle tilsette er registrert i arbeidstakarregisteret, at dei har lovlege arbeidskontraktar og at det er teikna yrkesskadeforsikring for alle tilsette.
Når får du svar på søknaden?

Vi behandlar søknaden din innan fire månader frå du har sendt alle nødvendige opplysningar og dokument.

Alle søknadar om salsløyve skal først til behandling i kontrollutvalet for alkohol, deretter tar formannskapet ei endeleg avgjerd. Det er møtekalenderen til formannskapet som avgjer kor raskt vi klarar å svare på søknaden din.

Kva seier lova?
Slik klagar du

Er du ikkje nøgd med vedtaket, kan du klage innan tre veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vi bør endre vedtaket. Har du behov for rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Dersom vi i kommunen står ved avgjerda vår, sender vi saka vidare til Fylkesmannen som tar ei endeleg avgjerd.

Fylkesmannen behandlar saka di så raskt som mogleg. Dersom det tar meir enn ein månad før du kan få svar, tar dei kontakt med deg. Dei tar også kontakt dersom dei manglar informasjon i klagen din.

 

Når må du søkje om skjenkeløyve for arrangement?

Du må søkje om skjenkeløyve dersom:

  • du leiger lokalet, tar betalt for alkohol eller når lokalet berre har serveringsbevilling
  • du skal servere alkohol i eit lukka selskap, til dømes bryllup, jubileum eller liknande
  • du skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i lokale uten skjenkebevilling eller utandørs på eit avgrensa område

Krav til søkjar

Du som søkjer må vere over 20 år

Dersom søkjar ikkje skal vera ansvarleg for skjenkinga, må du skrive kven som skal vere ansvarleg. Skjenkeansvarlig må vere over 20 år. Skal du ha ein avløysar for skjenkeansvarleg, må han eller ho også vere over 20 år. Det er ikkje nødvendig med avløysar på mindre arrangement.

 

Kven treng å ta prøven?

Alle som ønskjer det kan ta etablerarprøven. Du som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad og servere mat og alkoholfri drikke, må ha bestått etablerarprøven.

Kva er pensum?

vinn.no kan du kjøpe læremateriell: pensumhefte, nettkurs og «test deg sjølv».

Tilrettelegging ved spesielle behov

  • Dyslektikarar kan ta etablerarprøven munnleg. Dette krev legeattest.
  • Er du svaksynt, lam, har nedsatt hørsel eller andre utfordringer legg vi til rette så langt det lar seg gjøre. Dette må du i så fall avtale med oss på forhand.

Kor mange gonger kan du ta prøven?

Du kan ta prøven på nytt heilt til du består. Du må betale same beløp for kvar gong du tar prøven.

Utsteding av prøvebevis

Alle som består etablerarprøven får eit prøvebevis, som det er viktig å ta vare på. Dette er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om serveringslova. Beviset er gyldig på ubestemt tid.

Gjennomføring av prøven

  • Ta med legitimasjon for registrering og kontroll. Vi godtar pass, førerkort eller bankkort med bilde som gyldig dokumentasjon.
  • Prøven er ein fleirvalgsprøve på 90 minutt. Du må svare riktig på 40 av 50 spørsmål.
  • Prøven er på norsk. Det er ikkje mogleg å ha med tolk eller bruke ordbok. Du har lov til å ta med og bruke reine lov- og forskriftstekstar.

Sist oppdatert: 28.10.2020
Publisert: 07.06.2018