Næringsbygg/-areal i Modalen
Kommunalt næringsfond – utlysing av ekstramidlar i samband med koronautbrot
I samband med krisepakke fase 3 frå Kommunal og moderniseringsdepartementet har Modalen kommune har motteke kr. 357 243,- frå Vestland fylkeskommune som er øyremerkt kommunale næringsfond. Modalen kommune legg følgjande til grunn for tildeling av midlar:
Målgruppe:
Bedrifter, etablerarar og næringsaktørar. Næringsaktør blir definert som ein aktør som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling.
I vurderinga av søknadane skal det leggjast særleg vekt på:
• Tiltak som fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial.
• Tiltak som motverkar negative verknadar av covid-19-utbrotet.
• Tiltak som kjem raskt i gang.
Kommunane kan unntaksvis tildele midlar til eigne tiltak som oppfyller føremålet.
Samla tilskot skal som hovudregel ikkje overstige 50 % av kapitalbehovet i prosjektet, og det skal aldri overstige 75 %.
Søknadar må sendast gjennom www.regionalforvaltning.no
Frist for søknad er 31.12.2020.
Mottakarar av stønad må på førespurnad frå Modalen kommune dokumentere at midlane er nytta i tråd med dei vilkår som vert gjevne i tilsegnsbrev.
Dersom du har spørsmål vedr. ordninga eller i samband med søknaden din, ta gjerne kontakt med ass. rådmann Ove Sæbø på e-post: ove.sebo@modalen.kommune.no eller på tlf. 92 22 55 62.
Kontorlokal
Modalen næringsbygg AS forvaltar kontorareal for utleige sentralt på Mo. Ta kontakt med styreleiar i selskapet dersom du ynskjer nærare informasjon om kva som evt. er tilgjengeleg, eller om du har andre behov for di verksemd som du vil drøfte.
Kontaktinfo:
Modalen Næringsbygg AS
v/ styreleiar Harald Kjennsli
Tlf. 94502681
Epost: modalen.naeringsbygg@gmail.com
Modalen kommune har moglegheit til å tilby avgrensa med kontorplass sentralt på Mo.
Kontaktinfo:
Ove Sæbø, ass. rådmann
Tlf. 56599004 / 92225562
E-post: ove.sebo@modalen.kommune.no
Kontorlokaler, enklare tenesteyting.
SeaCamp AS er eigar av «Mosand-huset» på Mo, like ved skulen. Bygget er under tilrettelegging med føremål å kunne tilby fasiilitetar for kontor/tenesteyting m.m.
Kontaktinfo:
SeaCamp AS
v/ Petter B. Arnesen
Tlf. 93692239
Epost: petter@seacamp.no
Andre tilbydarar?
Tomteareal (produksjonslokal, industri m.m.).
I kommuneplanen (2015 – 2026) er det i arealdelen vist til følgjande område avsett til næring:
- Vest for Mo sentrum v/ Kvernhusfossen er det ein område som det i dag vert drive betongindustri og byggevareverksemd på. Evt. utvikling av dette området vil innebere at det må gjerast risikovurdering vedr. ras, og evt. rassikring. Grunneigar er Modalen kommune.
- Midt på kartutsnittet over – rett sør for Mo skule – finn ein eit næringsområde i nærleiken til «Mosandhuset». Grunneigar er Knut Mo.
- Området i kartutsnittet aust for Mo er i dag nytta som område for tekniske tenester. Her finn det område for kontordrift, men ein må pårekne noko oppgradering. Lokala er i 2. etg. Slik stoda er p.d.d. er det ikkje rom for ytterlegare aktivitet utover det som allereie er planlagt. Grunneigar er Modalen kommune.
- I tillegg ligg det 2 område på Øvre helland som er avsett til næringsføremål. Det eine er det i dag UniMicro som driv verksemd. Det andre området er tomta kor Modalen kraftlag er lokalisert.
Anna areal
Dersom du har spørsmål til grunn/areal som kan vurderast å vere nyttig for deg og di verksemd, og som evt. må regulerast til anna føremål – ta kontakt med Modalen kommune v/ teknisk sjef for eit møte.