Olav Nygard året 2024
Tid | Arrangement |
11.feb. | Opning av Olav Nygard-året på Flodmaal |
17. mai | Diktopplesing av 5. -7. klasse frå Mo skule |
18. juni | Forelesning på Bryggjeslottet, i regi av Senioruniversitetet Nordhordland, |
29. juni |
Markering under Modalsdagane |
22.aug.- 24.aug. |
Hovudarrangement
|
21.sept. |
Konsert med Dale mannskor |
Kommunen har sett saman ei arbeidsgruppe for å gjennomføre ulike arrangement i løpet av 2024.
I gruppa finn du ordførar Linda Neset, biblioteksjef Mona Grenasberg, kulturkonsulent Kent Tur Amundsen, samt Nygardkjennarane Inga Jorunn Nåmdal og Kristin Nåmdal.
Arrangementsoversikta vert oppdatert etter kvart. Har du innspel eller ønskjer å bidra? Send e-post til kent.tur.amundsen@modalen.kommune.no
Arv etter Olav Nygard på Modalen folkebibliotek
Brorsonen til diktaren, Øystein Nygard gav i si tid dåpslue, bokkiste og andre ting til biblioteket. Kravet var at tinga skulle oppbevarast i biblioteket slik at publikum kunna ha gleda av å få sjå dei. Ta ein tur innom biblioteket for ein kikk.
Klikk her for å lese meir om biblioteket.
Klikk her for å lese om dåpslua til Nygard
Modalskalendaren 2024
Kvart år deler ordførar ut Modalskalendaren til alle hustandar i Modalen. Naturleg for Nygard året inneheld kalendaren for 2024 bilete frå Modalen med dikt av forfattaren.
Klikk her for å sjå kalendaren i pdf.
Olav Nygardbu
I 2022 vart det bygd ei dagsturhytte ved Steinavatnet på Nygard. Namnet vart til etter namnekonkurranse med røysting frå innbyggjarane i kommune.
Klikk her for meir informasjon om dagsturhytta.
Flodmaal
I 2022 fekk Modalen nytt kommunehus på Mo. Inspirert av den store diktaren fekk huset namnet etter debutboka og diktet Flodmaal. Også denne gangen etter ein namnekonkurranse med røysterunde.
Eit djupdykk:
Mange har latt seg inspirere av Olav Nygard. Her finn du litt meir informasjon om diktaren:
Eit diktarportrett, ved Ingjald Bolstad og Knut Midttun (NRK)
Møte med Rakel Nygard (NRK 1961)
Skapelsens problem, lesninger i Olav Nygards lyrikk, Erik Vassenden (Nasjonalbiblioteket)