Ung i Modalen

Kontaktpersonar i kommunen

Kent Tur Amundsen

Konsulent for kultur og fritid

Kent.tur.amundsen@modalen.kommune.no

Tlf: 56599021/97729986

 

Sondre Hella Holsen

Leiar for fritidsklubben

Sondre.hella.holsen@modalen.kommune.no

Tlf: 40311434

Juniorklubb kvar onsdag

Kvar onsdag i tida 17.00-19.00 er det juniorklubb for unge i alderen 5. til 7. klasse. Obs. Onsdag 14.02 vert det ikkje klubb.

Oppmøtet er i foajeen på Bryggjeslottet, men det kan variere kor aktivitetane får føre seg.

Leiar for fritidsklubben er Sondre Hella Holsen.

Ungdomsklubb kvar onsdag

Kvar onsdag i tida 19.30-21.30 er det ungdomsklubb for ungdomar i alderen 8. klasse og oppover. Onsdag 14.02 vert det ikkje klubb.

Oppmøtet er i foajeen på Bryggjeslottet, men det kan variere kor aktivitetane får føre seg.

Leiar for fritidsklubben er Sondre Hella Holsen.

Eige, ope lokale for ungdom

Modalen Kommune tilbyr ungdommen eit eige lokale der dei kan opphalda seg på fritida. Lokalet er sentralt på Mo slik at det er lett tilgjengeleg, både til kvardags og i organisert aktivitet, slik som fritidsklubben. Lokalet er under tilsyn av både kommune og foreldre, som saman med ungdommen sjølv, skal bidra til eit trygt ungdomsmiljø i kommunen.

Opningstider:
Dag: Tid:
Måndag 14.15 – 21.00
Tysdag 13.20 – 21.00
Onsdag 14.15 – 21.00
Torsdag 14.15 – 21.00
Fredag 14.15 – 21.00
Laurdag 11.00 – 22.00
Søndag 11.00 – 21.00

Kontaktpersonar i samband med lokalet:

Kent Tur Amundsen: tlf: 56599021/97729986

Frode Andreas Steinsland: tlf: 56599022/94989945

Klikk her for å lese retningslinjer for bruk av lokalet

Ungdomsrådet

Ungdomsrådet arbeider for at Modalen kommune skal vera ein god kommune å veksa opp i og skal vera med å gje råd i beslutningar som påverkar born og ungdom. Dette gjeld både utdanning, kultur, miljø, samferdsle, idrett, helse og samfunnsutvikling.

Ungdomar som har ei tilknytning til Modalen kan bli ein del av ungdomsrådet. Det vert gjennomført val til ungdområdet kvart andre år. 

Klikk her for å lese meir om ungdomsrådet

UKM - Ung kultur møtast

UKM - ung kultur møtast vert arrangert ein gang i året. Arrangementet er eit samarbeid mellom Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden og Modalen.

UKM Nordhordland vert arrangert i storstova på Leknes 3. februar 2024. Ungdom i alderen 10-20 år kan melde seg på arrangementet.

Klikk her for meir informasjon og påmelding

Det er gratis å delta, og ungdom kan delta med det meste. Ein kan til dømes delta med song, band, litteratur, kunst, konferansier, dans, triksing, stand up og mykje meir.

Ei ungdomsgruppe med unge arrangørar er med på å planlegge og gjennomføre mønstringa. På denne måten er UKM av og for ungdom. Har du lyst å vere med å arrangere? Meld deg som ung arrangør innan 1. desember.

Det er gratis og sjå på, og publikum er velkommen. Programmet vert publisert 1-2 veker før mønstringa på UKM.no og på sosiale media.

Klikk her for å følgje UKM Nordhordland på Facebook

Aktivitetsveker 

Kvar sommar arrangerer Modalen kommune aktivitetsveker for elevar frå 4.-10. klasse. Det vert sett av to veker i byrjinga av sommarferien.
Borna får ulike aktivitetstilbod, som t.d. leik, spel, rebus, sjakk, kanoturar, kahoot m.m.

Bryggjeslottet og ungdomslokalet på Mo vil vere hovudbase for aktivitetane, men det kan og bli lagt opp til aktivitetane andre stader.

Meir informasjon om gjennomføring av aktivitetsvekene for 2024 kjem.

Ung jobb

Modalen kommune tilbyr alle ungdommar med bustadadresse i Modalen kommune arbeid for 3 veker i sommarferien. Tilbodet gjeld ungdommar i aldersgruppa frå og med det året dei fyller 16 år til og med det året dei fyller 20 år.

Arbeidsoppgåvene vert fordelte innan teknisk etat/uteseksjonen, arbeid på Modalstunet, barnehage, SFO, badevakt, aktivitetstilbod for born og reinhald i kommunale bygg m.m.

Me ønskjer at ungdom skal få ei første erfaring i arbeidslivet og at det er mogleg å tenke seg eit yrkesliv i Modalen. I tillegg vil ungdomen bidra til å avlaste organisasjonen i samband med ferieavvikling.

Ungdomane må skrive arbeidssøknad og rette seg etter dei krava som vert stilt på arbeidsplassen. Alle skal skrive litt om seg sjølv, gjerne ynskje om arbeidsområde og kva som passar deg, men kommunen avgjer kven som får tilbod på dei ulike arbeidsplassane.

Klikk her for å lese meir om ungjobb

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er eit tilbod til deg mellom 13 og 20 år. Vi held til på Mo helsesenter, og er eit tilbod for ungdommar i Modalen.

Kva kan du få hjelp til?

Vi kan teste deg for og gi råd om:

  • Kjønnssjukdomar
  • Graviditet (kr 50)
  • Du kan få resept på prevensjon.
  • Gratis kondom

( Vi tar ikkje blodprøvar)

Vi gir også rettleiing om tema som opptar deg, til dømes:

  • Psykisk helse, vanskelege tankar og følelsar.
  • Vald og overgrep.
  • Samliv og seksualitet.
  • Prevensjon og uønskt svangerskap. Eventuelt spørsmål om abort.
  • Kosthald, ernæring og ete- forstyrring.
  • Nettverk og familieliv.
  • Rusmiddel og røyking
  • Ungdom kan også få hjelp av skulehelsetenesta.

Tilbodet er gratis og er ope om torsdagar

Kontaktinformasjon:

 

 


Sist oppdatert: 12.02.2024
Publisert: 23.11.2020