HeimAktueltUtvida opningstid for bassenget i Bryggjeslottet

Utvida opningstid for bassenget i Bryggjeslottet

Onsdagar framover er det mogleg å bade frå kl. 10-12 og frå kl. 17.00-21.30.
Lørdagar og søndagar opnar vi to timar tidlegare, slik at besøkstida vert 10.30-17.00.

Ordninga vil gjelde så lenge Modalen kommune er i prosess med å vurdere rutiner og ordning med brikkebruk i basseng utan badevakt. Per i dag er det for tidleg å seie når arbeidet er fullført men brikkebrukarar er velkomne til å nytte bassenget når bassenget er ope med badevakter

Nettsida for Bryggjeslottet er oppdatert med nye opningstider og reglar for bruk av bassenget.

Klikk her for meir informasjon om Bryggjeslottet


Sist oppdatert: 22.08.2023
Publisert: 07.03.2023